Tilsynet blei gjennomført i 2021.

Bakgrunn

Ptil har dei siste åra hatt ein del tilsyn med oppfølging av alarmsystem, både på boreinnretningar, landanlegg og på produksjonsinnretningar der vi har avdekka at alarmsystema ikkje møter selskapa sine krav. Vidare har vi i andre tilsyn sett at det er høge alarmrater og mange ståande alarmar.

Dette tyder på at det kan være manglar både ved oppfølginga av systema og forståinga av kva verknader høge alarmrater og mange ståande alarmar kan ha på arbeidstilhøva for operatørane i kontrollromma.

I 2021 gjennomførte vi tilsyn med kontrollromma på dei fleste norske innretningane og landanlegga.

Mål

Målet med tilsynet var å verifisere at operatørselskapet følger opp alarmsystema og arbeidstilhøva for operatørane i kontrollromma i samsvar med regelverk og selskapa sine interne krav.

Resultat

Tilsynet identifiserte to avvik knytt til

  • Mangelfull oppfølging av alarmsystemet på Balder
  • Mangelfull analyse av arbeidsmiljøet i kontrollrommet

I tillegg observerte vi eitt forbetringspunkt knytt til

  • Innsamling, bearbeiding og bruk av data

Kva skjer no?

Vi har bedt Vår Energi innan 31. januar 2022 gjere greie for korleis avvika vil bli handtert og gje oss si vurdering av forbedringspunktet som er observert.