Tilsynet blei gjennomført i 2021.

Bakgrunn

Ptil har dei siste åra hatt ein del tilsyn med oppfølging av alarmsystem, både på boreinnretningar, landanlegg og på produksjonsinnretningar der vi har avdekka at alarmsystema ikkje møter selskapa sine krav. Vidare har vi i andre tilsyn sett at det er høge alarmrater og mange ståande alarmar.

Dette tyder på at det kan være manglar både ved oppfølginga av systema og forståinga av kva verknader høge alarmrater og mange ståande alarmar kan ha på arbeidstilhøva for operatørane i kontrollromma.

I 2021 gjennomførte vi tilsyn med kontrollromma på dei fleste norske innretningane og landanlegga.

Mål

Målet med tilsynet var å verifisere at operatørselskapet følger opp alarmsystema og arbeidstilhøva for operatørane i kontrollromma i samsvar med regelverk og selskapet sine interne krav.

Resultat

Tilsynet identifiserte eitt avvik knytt til

  • Mangelfull analyse av arbeidsmiljøet i kontrollrommet

Kva skjer no?

Vi har bedt Equinor innan 15. februar 2022 gjere greie for korleis avviket vil bli handtert.