Tilsynet vart gjennomført i perioden 21. til 24. september 2021.

Mål

Målet med tilsynet var å følgje opp korleis Equinor jobbar med å redusere risiko for storulykke og hindre lekkasjar (loss of containment). Vidare såg vi til korleis selskapet handterer integritets- og barrierestyring av fleksible stigerøyr på Åsgard B og at drift er i høve til interne krav og krav i forskrifter.

Resultat

Det vart ikkje identifisert nokon avvik i tilsynet.

Det vart identifisert tre forbetringspunkt knytt til:

  • Overvaking av teknisk tilstand
  • Dokumentasjon
  • Nødavstengingsventilar

Kva skjer vidare? 

Vi har bedt Equinor om å gi sin vurdering av forbetringspunkta som vart identifisert. Fristen for dette er sett til 10. desember 2021.