Tilsynet blei gjennomført frå 1. til 5. november 2021, som ein fellesrevisjon med Miljødirektoratet (Mdir) og Ptil.

Det var Mdir som leia tilsynet. 

Bakgrunnen for tilsynet var ein inspeksjon Mdir hadde gjennomført på Mongstad i slutten av 2020.

I tilsynet vart det identifisert følgjande avvik:

  • Verksemda gjennomfører ikkje førebyggjande vedlikehald på OWS*-anlegget
  • OWS-anlegget har kjente svekkingar og område med potensiell lekkasje
  • Manglande merking i anlegget
  • Det er ikkje sett i verk naudsynte tiltak for å rette opp eller kompensere for svekka barrierer og å sikre tilstrekkeleg uavhengigheit mellom svekkingar og barrierer
  • OWS-anlegget blir operert utafor operasjonelle grenser

*OWS (oily water sewer) - oljevatndreneringssystem

Mdir og Ptil har bede Equinor innan 1. februar 2022 gjere greie for korleis avvika vil bli handtert.

Denne tilsynsrapporten har ikke kobling til tilsynsdatabasen. For oversikt over observasjoner, se vedlagt tilsynsrapport og avviksliste.