Tilsynsaktiviteten blei gjennomført 20. mai 2020.

Mål

Målet for tilsynsoppgåva var å følgje opp selskapet si eiga vurdering av det som angår styring av storulykkerisiko. Vi ville og få ei betre forståing av korleis styring av storulykkerisiko inngår i selskapet si heilskaplege risikostyring og korleis selskapet oppfyller krava til påseplikt. Det er i denne samanhengen blant anna av interesse å få innsyn i kva selskapet baserer seg på for å halde nødvendig oversikt over storulykkerisiko som ein er eksponert for, og kva selskapet gjer på dette grunnlaget.

Resultat

Det vart ikkje påvist nokre avvik eller identifisert nokre forbetringspunkt i tilsynet.