Tilsynet blei gjennomført frå 9. til 10. juni 2020.

Bakgrunn

Bakgrunnen for aktiviteten er vår sakshandsaming av plan for utbygging og drift (PUD), og tidlegare oppfølging av prosjektet. Kvalitet i alle ledd av planlegging, prosjektering, fabrikasjon og installering er sentralt for å handtere potensiell storulykkerisiko i drift og for å få anlegg som er sikre i driftsfasen.

Tilsynet var ei vidareføring av tidlegare tilsyn, sjå: Equinor - Johan Sverdrup - subsealeveranse (24. januar 2020)

Mål

Målet med aktiviteten var å sjå til at fabrikasjonen av subsea produksjonssystem og brønnhovud for Johan Sverdrup fase 2 er i henhald til Equinor sine eigne krav og krav i regelverket. Vi vil og følgje opp korleis prosjektet utfører si påseplikt mot leverandøren.

Resultat

Tilsynsaktiviteten har identifisert tre område med potensial for forbetring. Desse områda er kvalifikasjonskrav for stadleg representant, kvalitet på leveransar, og kompetanse og kvalifisering.

Kva skjer no?

Vi har bedt Equinor gje si vurdering av dei forbetringspunkta vi observerte. Svarfrista er satt til 1. september 2020.