Ptil logo 2018 svart mobile ptil-logo-norsk-new
video-7248

Kva er eit samtykke?

Når vi gir samtykke uttrykker vi tillit til at operatøren kan gjennomføra aktiviteten innanfor rammene i regelverket, og i samsvar med opplysningane i samtykkesøknaden.

Ein operatør må få samtykke frå Ptil før:

  • Gjennomføring av undersøkingar kor det skal borast djupare enn 200 meter under sjøbotnen
  • Gjennomføring av leiteboringar
  • Gjennomføring av bemanna undervassoperasjonar
  • Ei innretning eller delar av den vert tatt i bruk
  • Utforming av større ombyggingar eller endring av bruksformål
  • Bruk av ei innretning ut over levetida og føresetnadane som er lagd til grunn
  • Disponering/fjerning/flytting av ein innretning
  • Fjerning eller endring av bruken av eit fartøy som har vesentleg sikkerheitsmessig funksjon

Kjelde/fulltekst: Styringsforskriften § 25

Ingen godkjenning

Eit samtykke betyr ikkje at Ptil godkjenner ei innretning, utstyr, komponentar, prosedyrar, kvalifikasjonar eller liknande.

Når vi gir samtykke uttrykker vi tillit til at operatøren kan gjennomføra aktiviteten innanfor rammene i regelverket, og i samsvar med opplysningane i samtykkesøknaden.

Informasjon om kva samtykkesøknaden skal innehalde finn du i § 26 i styringsforskriften.

Eit forpliktande dokument

Samtykkesøknaden representerer eit forpliktande dokument med omsyn til operatøren si oppfylling av regelverkskrav under vårt ansvarsområde, i tillegg til Miljødirektoratet og Statens helsetilsyn.

Innhaldet i ein samtykkesøknad er bindande og vert lagt til grunn for myndigheitene sitt tilsyn etter at samtykket er gitt.

Kor lenge varar det?

Eit samtykke har i prinsippet ingen utløpsdato; det gjeld for det tidsrommet som aktiviteten er planlagd å vare. I denne tida er det selskapa sitt ansvar å oppretthalde føresetnadane som samtykket byggjer på.

Dersom eit selskap oppdagar eit avvik frå føresetnadene, skal selskapet på eige initiativ setje i verk naudsynte tiltak for å rette opp i eller fjerne avviket.

Endringar

Om operatøren skal gjere endringar i verksemda, må dei informere myndigheitene snarast dersom endringane bryt med føresetnadane i samtykket. Vi vil då utføre verifikasjonar for å stadfeste at aktiviteten kan gjennomførast i samsvar med regelverket og forpliktingane i samtykkesøknaden.

I motsett fall kan vi gripe inn med pålegg – eller krevje at operatøren innhentar nytt samtykke.