Operatør: Equinor Energy AS 

Felt: Gudrun 

Utvinningsløyve 025 

Annan info: Hensikta med Gudrun fase 2 prosjektet for vassinjeksjon (WIP) er å auke produksjonen og forlenge levetida på Gudrun ved å endre dreneringsstrategi frå depletering til trykkstøtte ved hjelp av vassinjeksjon. Det skal borast vassprodusentar for å hente vatn fra Utsiraformasjonen (sulfatfritt vatn). 

Gudrun

Gudrunfeltet ligg i den midtre delen av Nordsjøen, 50 kilometer nord for Sleipner. Havdjupna er 110 meter. Gudrun blei påvist i 1975, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 2010. Feltet er bygt ut med ei botnfast innretning med stålunderstell og bustadkvarter og har delvis prosessanlegg. Gudrun er kopla til Sleipner A-innretninga gjennom to røyrleidningar; ei for olje og ei for våtgass. Produksjonen starta i 2014.

Kjelde: norskpetroleum.no