Snorre gassimportrøret er ein del av Snorre Gas Import System, som er eit delprosjekt under Snorre Expansion Project (SEP) på Snorrefeltet. 

Snorre

Snorrefeltet ligg i Tampen-området i den nordlege delen av Nordsjøen. Havdjupna i området er 300-350 meter. Snorre blei påvist i 1979, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 1988. Feltet er bygt ut med innretningane Snorre A i sør, Snorre UPA sentralt på feltet og Snorre B i den nordlege delen av feltet. Snorre A er ei flytande bore-, produksjons- og bustadplattform som er forankra til havbotnen med strekkstag. Snorre UPA er eit anlegg for undervassproduksjon og er knytt opp til Snorre A. Snorre B er ei halvt nedsenkbar integrert bore-, prosess- og bustadinnretning. Produksjonen frå Snorre starta i 1992.

Kjelde: norskpetroleum.no