Operatør: Equinor

Felt: Johan Sverdrup

Innretning: Floatel Endurance

Johan Sverdrup

Johan Sverdrup-feltet ligg på Utsirahøgda i den midtre delen av Nordsjøen, 65 kilometer nordaust for Sleipner. Havdjupna i området er 110-120 meter. Johan Sverdrup blei påvist i 2010, og plan for utbygging og drift (PUD) for fase I blei godkjent i 2015. Utbyggingsløysinga for første byggetrinn er eit feltsenter med fire spesialiserte innretningar; bustadkvarter, prosessanlegg, boreanlegg og stigerøyr. Produksjonen starta i 2019.

PUD for fase II blei godkjent i 2019. Utbyggingsløysninga for fase II består av ei prosessinnretning og fem havbotnrammer. Produksjonsstart frå fase II er venta i 2022.

Kjelde: norskpetroleum.no