Operatør: Aker BP ASA

Felt: Hod B og Valhall Flanke Sør

Innretning: Maersk Integrator

Hod

Hod ligg i den sørlege delen av norsk sektor i Nordsjøen, 13 kilometer sør for Valhall. Havdjupna er 72 meter. Hod blei påvist i 1974, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 1988. Produksjonen starta i 1990.

PUD for reutbygging av Hod blei godkjent i desember 2020. Utbygginga omfattar ei ny ubemanna brønnhovudinnretning (Hod B) knytt til Valhallfeltet.

Kjelde: norskpetroleum.no

Valhall

Valhall ligg i den sørlege delen av norsk sektor i Nordsjøen. Havdjupna er 70 meter. Valhall blei påvist i 1975, og opprinneleg plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 1977. Feltet blei opprinneleg bygt ut med tre innretningar for bustad (QP), boring (DP) og prosessering (PCP). Produksjonen starta i 1982.

PUD for Valhall brønnhovudinnretning (WP) og Valhall vassinjeksjonsinnretning (IP) blei godkjent i henhaldsvis 1995 og i 2000. Innretningane er bundne saman med bruer. PUD for to brønnhovudinnretningar på nord- og sørflankene blei godkjent i 2001. PUD for Valhall vidareutvikling vart godkjent i 2007. Den omfatta ei bustad- og prosessinnretning (PH) som erstatta aldrande innretningar på feltet. PUD for Valhall Flanke Vest blei godkjent i 2018. Den omfattar ei brønnhovudplattform som vanlegvis er ubemanna.

Kjelde: norskpetroleum.no