Operatør: Vår Energi AS

Utvinningsløyve: 001

Innretning: Floatel Superior

Anna informasjon: Floatel Superior skal nyttas som bustadsinnretning for Balder FPU.

Balder/Ringhorne

Balderfeltet ligg i den sentrale delen av Nordsjøen, like vest for Granefeltet. Havdjupna i området er 125 meter. Balder blei påvist i 1967, og opprinneleg plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 1996. Produksjonen starta i 1999. Feltet er bygt ut med havbotnbrønnar som er kopla til eit produksjons- og lagerskip, Balder FPSO.

Ringhorne-førekomsten, som ligg ni kilometer nord for Balder-skipet, er inkludert i Balder-komplekset. Ringhorne er bygt ut med ei kombinert bustad-, bore- og brønnhovudinnretning knytt til Balder-skipet og Jotun-skipet for prosessering, råoljelagring og gasseksport.

Kjelde: norskpetroleum.no