Operatør: Equinor

Felt: Troll

Anna informasjon:

Undervassproduksjonssystemet inneber bygging av undervass-brønnrammer, boring av åtte produksjonsbrønnar, legge ei røyrleidning på 36 tommer og installere ein ny prosessmodul på Troll A-plattforma.

Troll

Trollfeltet ligg i den nordlege delen av Nordsjøen. Havdjupna i området er 300-330 meter. Troll blei påvist i 1979, og den opprinnelege planen for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 1986, sidan oppdatert i 1990. Feltet blei satt i produksjon i 1995.

Troll er bygt ut i fasar, med utvinning av gass fra Troll Øst i fase I og olje fra Troll Vest i fase II. Troll fase I er bygt ut med Troll A, som er ei botnfast brønnhovud- og kompresjonsinnretning med understell i betong. Troll fase II er bygt ut med Troll B, som er ei flytande bustad- og produksjonsinnretning i betong, og Troll C, som er ei halvt nedsenkbar bustad- og produksjonsinnretning i stål. Troll fase III (gassnedblåsing på Troll Vest) er under utvikling, med planlagd oppstart i 2021.

Kjelde: norskpetroleum.no