Samtykket gjeld for følgande felt/utvinningsløyve fram til 31. desember 2025:

Felt: Utvinningsløyve:
Alvheim PL036D, 036E, 088, 102F, 102G, 150, 203, 340, 460, 869
Skarv PL127C, 212, 838
Ærefugl PL127C, 159D, 212, 212B, 212E, 262

 

Innretningar: Island Constructor og Island Wellserver

Alvheim

Alvheimfeltet ligg i den nordlege delen av Nordsjøen, vest for Heimdal. Havdjuna i området er 120–130 meter. Alvheim blei påvist i 1998, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 2004. Feltet er bygt ut med havbotnrammer knytt opp til eit produksjonsskip (FPSO). Produksjonen starta i 2008.

Kjelde: norskpetroleum.no

Skarv

Skarv ligg i den nordlege delen av Norskehavet, 35 kilometer sørvest for Norne. Havdjupna i området er 350-450 meter. Skarv blei påvist i 1998, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 2007. Utbyggingskonseptet er eit produksjons- og lagerskip (FPSO) knytt til fem havbotnrammer med 15 brønnar. Produksjonen starta i 2013.

Kjelde: norskpetroleum.no

Ærfugl

Ærfuglfeltet ligg i den nordlege delen av Norskehavet, like vest for Skarv. Havdjupna er 350-450 meter. Ærfugl blei påvist i 2000, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i april 2018. Feltet er knytta til produksjons- og lagerskipet (FPSO) Skarv. Produksjonen starta i 2020.

Kjelde: norskpetroleum.no