Operatør: Wintershall Dea

Utvinningsløyve: 418

Innretning: West Mira

Felt: Nova

Varigheit: 388 dagar

Annan info: Samtykket omfattar boring og komplettering på Novafeltet med den flyttbare boreinnretninga West Mira. Innretninga vert operert av Seadrill, og fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i 2019.

Nova

Novafeltet ligg i den nordlege delen av Nordsjøen, 17 kilometer sørvest for Gjøa. Havdjupna i området er 370 meter. Nova blei påvist i 2012, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i september 2018. Utbyggingsløysninga består av to havbotnrammer, ei for oljeproduksjon og ei for vassinjeksjon, kvar med tre brønnar knytt til Gjøa-innretninga.

Feltet er under utbygging. Produksjonsstart er venta i 2021.

Kjelde: norskpetroleum.no