Operatør: Okea as 
Utvinningsløyve: 093 
Havdjupne: 252 meter 
Felt: Draugen  

Draugen 

Draugen ligg i den sørlege delen av Norskehavet. Havdjupna i området er 250 meter. Draugen blei påvist i 1984, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 1988. Feltet er bygt ut med ei botnfast betonginnretning med integrert dekk, og har både plattform- og havbotnbrønnar. Stabilisert olje blir lagra i tankar i sokkelen på innretninga. To røyrleidningar går frå innretninga til ei flytande lastebøye. Produksjonen starta i 1993. 

Kjelde: norskpetroleum.no