Operatør: Neptune Energy Norge AS

Utvinningsløyve: 153

Innretning: Deepsea Yantai

Felt: Gjøa

Varigheit: 240 dagar

Annan info: Samtykket omfattar produksjonsboring på Gjøafeltet med den flyttbare boreinnretninga Deepsea Yantai. Innretninga er ei halvt nedsenkbar boreinnretning operert av Odfjell Drilling AS. Innretninga vart bygd ved CIMC Raffles i Kina og var ferdig i 2016.

Deepsea Yantai fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i november 2019.

Gjøa

Gjøafeltet ligg i den nordlege delen av Nordsjøen, 50 kilometer nordaust for Troll. Havdjupna i området er 360 meter. Gjøa blei påvist i 1989, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 2007. Feltet er bygt ut med fire havbotnrammer og ein satellittbrønn kopla til ei halvt nedsenkbar produksjons- og prosessinnretning. Produksjonen starta i 2010.

Kjelde: norskpetroleum.no