Samtykket gjeld Snorre utvidingsprosjekt, og omfattar bruk av havbotninnretningar, produksjons- og injeksjonsrøyr, fleksible stigerøyr og tilhøyrande modifikasjonar på Snorre A-innretninga.

Snorre utvidingsprosjekt

Plan for utbygging og drift (PUD) for Snorre Expansion Project (Snorre utvidingsprosjekt) blei godkjend i 2018. Dette er ei havbotnutbygging som skal knyttast til Snorre A, og består av seks botnrammer, kvar med fire brønnar.

Kjelde: norskpetroleum.no