Operatør for Heidrun: Equinor

Operatør for Dvalin: Wintershall Dea

Felt: Heidrun og Dvalin

Oppstart: Andre kvartal 2020

Annan info: Utbyggingsløysing/konseptet for Dvalin, er å kople brønnstraumen opp til Heidrun TLP for prosessering. Kondensat vil gå til Heidrun B, gass vil bli sendt via Polarled til Nyhamna. 

Dvalin

Dvalin ligg i den sentrale delen av Norskehavet og består av to separate strukturar; Dvalin Øst og Dvalin Vest. Dvalin Øst blei påvist i 2010 og ligg 15 kilometer nordvest for Heidrun. Havdjupna er 344 meter. Dvalin Vest blei påvist i 2012 og ligg 3,5 kilometer vest for Dvalin Øst. Havdjupna er 400 meter. Plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i mars 2017. Utbyggingskonseptet er ei havbotnramme med fire gassprodusentar kopla til Heidrun-plattformen.

Feltet er under utbygging og produksjonen skal etter planen starte seint i 2020.

Kjelde: norskpetroleum.no

Heimdal

Heimdal ligg i den midtre delen av Nordsjøen. Havdjupna i området er 120 meter. Heimdal blei påvist i 1972, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 1981. Feltet er bygt ut med ei integrert bore-, produksjons- og bustadinnretning med stålunderstell (HMP1). Produksjonen starta i 1985.

Kjelde: norskpetroleum.no