Operatør: Equinor Energy

Felt: Snøhvit

Annan info: Samtykket omfattar havbotninnretning, røyrleidning, kontrollkabel og tilhøyrande modifikasjonar på Hammerfest LNG.

Askeladdutbygginga er ei utviding av Snøhvitfeltet. Askeladdutbygginga er delt i to fasar, kor fase 1 består av ei brønnramme i den nordlege delen av Snøhvit og ei i den sørlege delen med totalt tre produksjonsbrønnar.

Snøhvit

Snøhvit ligg i den sentrale delen av Hammerfestbassenget i det sørlege Barentshavet. Havdjupna i området er 310-340 meter. Snøhvit blei påvist i 1984, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 2002. Utbygginga inkluderer fleire havbotnrammer. To brønnslisser vert brukt til CO2­-injeksjon. Produksjonen starta i 2007.

Kjelde: norskpetroleum.no