Equinor er operatør for utvinningsløyve 878. Vi har no gitt selskapet samtykke til boring av pilotholet 30/2-U-1 med den halvt nedsenkbare boreriggen West Hercules.

30/2-U-1 skal borast nordvest for Huldrafeltet i Nordsjøen.

Dei geografiske koordinatane er:

  • 60° 56’ 11.23’’ Nord
  • 02° 37’ 18.83’’  Aust

Havdjupna på staden er 142 meter.

Equinor reknar med å bruke frå tre dagar på boringa, som etter planen startar primo 2020.

Pilotholet skal borast med den flyttbare boreinnretninga West Hercules, som er eigd og operert av Seadrill. West Hercules er ei sjettegenerasjons halvt nedsenkbar boreinnretning bygt i 2008 ved Daewoo Shipyard i Sør-Korea.

Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i 2012.