Vi har gitt Aker BP samtykke til bruk av innretningane på Skogul. Feltet er ei havbotnutbygging knytt til Alvheim FPSO, via undervasssbrønnramma Vilje Sør (flowbase).

Bruk av Skogul omfattar oppstart, drift, vedlikehald og alle tilhøyrande aktivitetar.

Skogul

Skogul ligg i den midtre delen av Nordsjøen, 30 kilometer nordaust for Alvheim. Havdjupna er 110 meter. Skogul blei påvist i 2010, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i mars 2018. Utbyggingskonseptet er ei havbotninnretning med ein produksjonsbrønn med to laterale greiner knytt til Alvheim produksjons- og lagringsskip (FPSO) via Vilje-feltet.

Produksjonsstart er venta i 2020.
 
Kjelde: norskpetroleum.no