Operatør: Aker BP

Felt: Hod

Utvinningsløyve: 033 B

Innretning: Maersk Invincible

Annan info: Hovudformålet med brønnen er å kartlegge risiko for grunn gass/vatn i området. Brønnen vil bli permanent plugga og forlate etter avslutta boreoperasjon.

Hod

Hod ligg i den sørlege delen av norsk sektor i Nordsjøen, 13 kilometer sør for Valhall. Havdjupna er 72 meter. Hod blei påvist i 1974, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 1988. Feltet er bygt ut med ei ubemanna brønnhovudinnretning som blir fjernstyrt frå Valhall. Produksjonen starta i 1990.

Kjelde: norskpetroleum.no