Brønn 6406/3-10  tilhøyrer utvinningsløyve 836 S, kor Wintershall Dea er operatør. Brønnen har fått prospektnamnet «Bergknapp».

Dei geografiske koordinatane er: 

  • 64° 56’16.19"Nord
  • 06° 46'42.63" Aust

Havdjupna på staden er 312 meter.

Boringa startar i november 2019, og er venta å vara i 59 dagar.

Brønn 6406/3-10 skal borast med den flyttbare boreinnretninga West Mira.

West Mira er ei halvt nedsenkbar innretning av Moss CS60-design. Ho er eigd av Northern Drilling og vert operert av Seadrill Europa Management AS.

West Mira fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i november 2019.