Samtykket omfattar bruk av West Mira til produksjonsboring og komplettering på Mariafeltet i Norskehavet.

Brønnaktivitetane startar etter planen tidlegast i november 2019, og er venta å vare i om lag 150 dagar.

West Mira er ei halvt nedsenkbar innretning av Moss CS60-design. Ho er eigd av Northern Drilling og vert operert av Seadrill Europa Management AS.

West Mira fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i november 2019.

Maria

Mariafeltet ligg på Haltenbanken i Norskehavet, 25 kilometer aust for Kristin. Havdjupna i området er 300 meter. Maria blei påvist i 2010, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 2015. Feltet er bygt ut med to havbotnrammer. Det er fem produksjons- og to injeksjonsbrønnar på feltet. Produksjonen starta i 2017.

Kjelde: norskpetroleum.no