Vår Energi har fått samtykke til å fjerne Jotun A-innretninga frå Jotunfeltet for oppgradering.

Jotun

Jotunfeltet ligg i den sentrale delen av Nordsjøen, 25 kilometer nord for Balder. Jotun blei påvist i 1994, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 1997. Produksjonen starta i 1999.

Feltet er bygt ut med Jotun A, eit kombinert produksjons- og lagerskip (FPSO), og ei brønnhovudinnretning, Jotun B.

Feltet slutta å produsere i 2016. Ifølge disponeringsvedtaket skal Jotun B fjernast innan 2020. Jotun A skal fortsatt brukast av Balder og Ringhorne Øst inntil desse felta sluttar å produsere. Jotun A skal fjernast innan 2023.

Kjelde: norskpetroleum.no