Brønn 9/2-12 tilhøyrer utvinningsløyve 910, kor Repsol er operatør. Brønnen har fått prospektnamnet Kathryn.

Staden der brønnen skal borast ligg i den sørlege delen av norsk del av Nordsjøen, om lag seks kilometer aust for Ymefeltet og 100 kilometer sørvest for Egersund i Rogaland.

Dei geografiske koordinatane er:

  • 57° 52' 28.95" N
  • 04° 33' 11.62" A

Havdjupna på staden er 99 meter.

Boringa startar tidlegast i midten av august, og er venta å vara mellom 29 og 52 dagar.

Brønnen skal borast med den flyttbare boreinnretninga Scarabeo 8.

Scarabeo 8 er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av Moss CS 50 MkII-design. Den er bygd ved Fincantieri Shipyard i Palermo, Italia og vart ferdigstilt ved Westcons verft i Ølensvåg i Rogaland i 2011. Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i 2012.