Samtykket omfattar boring av produksjonsbrønnar på Duvafeltet i Nordsjøen.

Boreaktivitetane startar etter plana i byrjinga av november 2019, og er venta å vare i om lag 51 dagar.

Deepsea Yantai er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av Odfjell Drilling AS. Innretninga vart bygd ved CIMC Raffles i Kina og var ferdig i 2016.

Deepsea Yuntai fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i november 2019.

Duva

Duva ligg i den nordlege delen av Nordsjøen, seks kilometer nordaust for Gjøa. Havdjupna er 350 meter. Duva vart påvist i 2016, og plan for utbygging og drift (PUD) vart godkjent i 2019. Feltet blir bygt ut med ei havbunnsramme med tre produksjonsbrønnar knytt til Gjøa-innretninga.

Kjelde: norskpetroleum.no