Ptil logo 2018 svart mobile ptil-logo-norsk-new

Equinor - Samtykke til leiteboring i Barentshavet

Vi har gitt Equinor samtykke til leiteboring av brønn 7324/6-1.

Publisert: 3. mai 2019

Equinor er operatør for utvinningsløyve 855. Vi har no gitt selskapet samtykke til leiteboring av brønn 7324/6-1.

Borelokasjonen vil ha følgjande geografiske koordinatar:

  • 73º 39’ 07.05” N
  • 24º 58’ 35.39” A

Havdjupna på staden er omkring 449 meter.

Brønnen skal borast med West Hercules, ei halvt nedsenkbar boreinnretning operert av Seadrill. West Hercules fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i 2012.

Boringa er planlagd starta i mai 2019 og er estimert å vara i 33 døgn.

Equinor har gitt brønn 7324/6-1 kallenamnet «Sputnik».

Kontakt

Øyvind Midttun

Pressekontakt
Telefon: 51 87 34 77