Ptil logo 2018 svart mobile ptil-logo-norsk-new

OMV - Samtykke til leiteboring i Norskehavet

Vi har gitt OMV samtykke til leiteboring av brønnane 6506/11-11 S og 6506/11-11 A.

Publisert: 3. mai 2019

OMV er operatør for utvinningsløyve 644/644 B. Vi har no gitt selskapet samtykke til leiteboring av brønnane 6506/11-11 S og 6506/11-11 A.

Borelokasjonen vil ha følgjande geografiske koordinatar:

  • 65º 12' 10,449" N
  • 6º 22' 46.774" A

Havdjupna på staden er omkring 381 meter.

Operasjonen er planlagd starta i andre kvartal i 2019.

Brønnane skal borast med Deepsea Bergen som er ei halvt nedsenkbar, flyttbar boreinnretning av typen Aker H-3.2, bygd ved Aker Verdal i 1983. Ho er eigd og operert av Odfjell Drilling. Innretninga har klasse i DNV GL og er registrert i Noreg.

Deepsea Bergen fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i desember 2001.

Kontakt

Øyvind Midttun

Pressekontakt
Telefon: 51 87 34 77