Samtykket gjeld for perioden frå 30. juni til 31. desember 2019.

Martin Linge-feltet er under utbygging, og Equinor har tidlegare fått samtykke til å bruke Maersk Intrepid som bustadkvarter i samband med arbeid på feltet.

Maersk Intrepid er ei oppjekkbar boreinnretning, levert frå Keppel Shipyard i Singapore i 2014. Innretninga er eigd av Maersk AS og operert av Maersk Drilling Norge AS.

Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i 2014.

Martin Linge

Martin Linge-feltet ligg nær grensa til britisk sektor i den nordlege delen av Nordsjøen, 42 kilometer vest for Oseberg. Havdjupna er 115 meter. Martin Linge blei påvist i 1978, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 2012. Utbyggingskonseptet er ei fullt integrert fast produksjonsinnretning og ein flytande lager- og lasteeining (FSO) for oljelagring.

Feltet er under utbygging.

Kjelde: norskpetroleum.no