Equinor har tidlegare fått samtykke til bruk av Island Wellserver og Island Frontier til brønnintervensjonsaktivitetar på felt i Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet. Samtykket er no utvida, slik at det også omfattar felta Trestakk og Utgard.

Samtykket gjeld frå 27. juni 2019 til 31. mars 2020.

Innretningane

Dei to innretningane er eigd av Island Offshore, som har hovudkontor i UIsteinvik.

Island Frontier vart bygd i 2004 ved Søviknes verft. Ho er registrert i Norge og har klasse i DNV-GL. Island Frontier fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i oktober 2006.

Island Wellserver vart bygd i 2008 ved Aker Langsten verft. Ho er registrert i Norge og har klasse i DNV-GL. Island Wellserver fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i april 2009.

Trestakk

Trestakk ligg i den midtre delen av Norskehavet, 20 kilometer sør for Åsgard. Havdjupna er 300 meter. Trestakk blei påvist i 1986, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 2017. Utbyggingskonseptet omfattar ei havbotnramme med fire brønnslissar og ein satellittbrønn, kopla til Åsgard A-innretninga for prosessering og gassinjeksjon.

Produksjonen starta i 2019.

Kjelde: norskpetroleum.no

Utgard

Utgardfeltet ligg på grensa mellom norsk og britisk sektor i den midtre delen av Nordsjøen, 20 kilometer vest for feltsenteret på Sleipner. Havdjupna er 110-120 meter. Utgard blei påvist i 1982, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 2017. Feltet er utbygt med ei havbotnramme med to brønnar knytt til Sleipner T-innretninga for prosessering og reduksjon av CO2-innholdet i gassen. Produksjonen starta i  2019.

 
 Kjelde: norskpetroleum.no