Stigerøyrsplattforma (RP) er ein kombinert stigerøyrs- og hjelpesystemplattform som er forbundet på vestsida med ei bru til boreplattforma. Plattforma er delt inn i to hovudområde ved hjelp av ein eksplosjons-/brannvegg. Denne deler plattforma inn i hjelpesystemområdet på vestsida og prosessområdet på austsida.

imagewwjj.png

Johan Sverdrup

Johan Sverdrup-feltet ligg på Utsirahøgda i den midtre delen av Nordsjøen, 65 kilometer nordaust for Sleipner. Havdjupna i området er 110-120 meter. Johan Sverdrup blei påvist i 2010, og plan for utbygging og drift (PUD) for fase I blei godkjent i 2015. Utbyggingsløysinga for første byggetrinn er eit feltsenter med fire spesialiserte innretningar; bustadkvarter, prosessanlegg, boreanlegg og stigerøyr. 

Feltet er under utbygging. Produksjonsstart er planlagt i slutten av 2019.

PUD for fase II blei levert i august 2018. Utbyggingsløysninga for fase II består av ei prosessinnretning og fem havbotnrammer.

Kjelde: norskpetroleum.no