Samtykket gjeld boring av produksjonsbrønnar i utvinningsløyve 435 på Dvalinfeltet.

Boringa startar etter planen i august 2019 og har ei forventa varigheit på 352 dagar.

Dvalin

Dvalin ligg i den sentrale delen av Norskehavet og består av to separate strukturar; Dvalin Øst og Dvalin Vest. Dvalin Øst blei påvist i 2010 og ligg 15 kilometer nordvest for Heidrun. Havdjupna er 344 meter. Dvalin Vest blei påvist i 2012 og ligg 3,5 kilometer vest for Dvalin Øst. Havdjupna er 400 meter. Plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i mars 2017. Utbyggingskonseptet er ei havbotnramme med fire gassprodusentar kopla til Heidrun-plattformen.

Feltet er under utbygging og produksjonen skal etter planen starte seint i 2020.

Kjelde: norskpetroleum.no