Samtykket omfattar boring og komplettering av åtte produksjonsbrønnar i samband med den nye utbygginga av Torfeltet (Tor II).

West Linus er ei oppjekkbar innretning av typen Gusto MSC CJ70-X150A. Innretninga er eigd og operert av Seadrill. West Linus fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i 2014.

Torfeltet ligg i Nordsjøen. Feltet var første gang i produksjon frå 1978 til 2015. Ny Plan for utbygging og drift (PUD) av Tor (Tor II) vart godkjent i 2019. Feltet vert no bygt ut med ei havbotnløysing med to brønnrammer og tilknytning til Ekofiskfeltet for prosessering og eksport. Produksjonen skal etter planen starta i 2020.