Ptil logo 2018 svart mobile ptil-logo-norsk-new

Aker BP - Samtykke til leiteboring i Nordsjøen

Vi har gitt Aker BP samtykke til leiteboring i blokk 15/6 i Nordsjøen.

Publisert: 14. mai 2019

Samtykket omfattar boring av leitebrønn 15/6-16 S, med opsjon for sidesteg og testing. Brønnen tilhøyrer utvinningsløyve 777, kor Aker BP er operatør. Aker BP har gitt brønnen kallenamnet «Hornet Main».

Staden som brønnen skal borast ligg i Nordsjøen, nord for Gina Krogh-feltet og sør for Gudrun. Dei geografiske koordinatane er:

  • 58°40'14.5242" Nord
  • 01°43'2.2135" Aust

Havdjupna på staden er 116 meter.

Boringa er planlagd i andre kvartal 2019 og er estimert til å vare i minimum 46 dagar.

Brønn 15/6-16 S skal borast med Deepsea Stavanger, ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen GVA 7500, bygt ved Daewoo Shipbuilding and Marine Engineering Co Ltd i Sør-Korea.

Innretninga er eigd og operert av Odfjell Drilling og fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i 2017.

Kontakt

Øyvind Midttun

Pressekontakt
Telefon: 51 87 34 77