Ptil logo 2018 svart mobile ptil-logo-norsk-new

Aker BP - Samtykke til leiteboring i Nordsjøen

Vi har gitt Aker BP samtykke til leiteboring i blokk 25/11 i Nordsjøen.

Publisert: 7. mai 2019

Samtykket omfattar boring av leitebrønn 25/11-29 S i utvinningsløyve 916, kor Aker BP er operatør. Brønnen har som må å undersøka eit leiteprospekt Aker BP kallar «JK».

Staden som brønnen skal borast ligg i Nordsjøen, nord for Johan Sverdrupfeltet og sør for Grane. Dei geografiske koordinatane er:

  • 59° 02' 48,441" Nord
  • 02° 26' 21,804" Aust

Havdjupna på staden er 122 meter.

Aker BP har estimert boreoperasjonane til å vara i 16 dagar. 

Brønn 25/11-29 S skal borast med Deepsea Stavanger, ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen GVA 7500, bygt ved Daewoo Shipbuilding and Marine Engineering Co Ltd i Sør-Korea.

Innretninga er eigd og operert av Odfjell Drilling og fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i 2017.

Kontakt

Øyvind Midttun

Pressekontakt
Telefon: 51 87 34 77