Ptil logo 2018 svart mobile ptil-logo-norsk-new

Aker BP - Samtykke til leiteboring i Nordsjøen

Vi har gitt Aker BP samtykke til leiteboring i blokk 15/6 i Nordsjøen.

Publisert: 7. mai 2019

Samtykket omfattar boring av leitebrønn 15/6-15 i utvinningsløyve 814, kor Aker BP er operatør., Brønnen har som må å undersøka eit prospekt Aker BP kallar «Freke-Garm».

Staden som brønnen skal borast ligg i Nordsjøen, sørøst for Gudrunfeltet og nordvest for Gina Krogh. Dei geografiske koordinatane er:

  • 58° 40' 35.738" Nord
  • 01° 52' 22.191" Aust

Havdjupna på staden er 109 meter.

Aker BP har estimert boringa til å vara i minimum 28 dagar. Planlagd oppstart er mai 2019.

Brønn 15/6-15 skal borast med Deepsea Stavanger, ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen GVA 7500, bygt ved Daewoo Shipbuilding and Marine Engineering Co Ltd i Sør-Korea.

Innretninga er eigd og operert av Odfjell Drilling og fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i 2017.

Kontakt

Øyvind Midttun

Pressekontakt
Telefon: 51 87 34 77