Aker BP har fått samtykke til å flytte kontrollromsfunksjonane for Ivar Aasen-feltet til land.

Flyttinga er i tråd med plan for utbygging og drift (PUD), som vart godkjend i 2013. Her står det at feltet skal kunne styrast frå eit sentralt kontrollrom (SKR) på land.

Fram til no er det kontrollrommet om bord på innretninga som har hatt styringa med feltet, men planen er at kontrollrommet på land skal overta i løpet av fjerde kvartal 2018.

Ivar Aasen

Ivar Aasen-feltet ligg i den nordlege delen av Nordsjøen, 30 kilometer sør for Grane og Balder. Havdjupna er 110 meter. Ivar Aasen blei påvist i 2008, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 2013. Utbygginga omfattar ei produksjons-, bore- og bustadinnretning (PDQ) med stålunderstell og ein separat oppjekkbar rigg for boring og komplettering. Produksjonen starta i 2016.

Kjelde: norskpetroleum.no