I ei gransking samlar vi inn fakta og avdekker årsaksforhold. På bakgrunn av dette vurderer vi kva verkemiddel som må nyttast for å bringe verksemda i samsvar med regelverket og førebygga liknande hendingar.

Når granskar vi?

Hendingar som typisk kvalifiserer til at vi startar gransking:

  • Storulykke og tilløp til storulykke
  • Dødsfall i samband med arbeidsulykke
  • Alvorleg personskade med potensial for dødsfall
  • Alvorleg svekking eller bortfall av sikkerheitsfunksjonar og barrierar som set integriteten til innretninga i fare

Etter ei alvorleg hending kan tilsynet vårt gjennomførast i form av:

  • Ei sjølvstendig gransking. Vert ofte gjennomført parallelt med politiet si etterforsking, kor vi yter fagleg bistand
  • Oppfølging av operatøren sitt system for å følgje opp hendinga
  • Saksbehandling av operatørselskapa sine eigne granskingsrapportar

Ved behov kan granskinga gjennomførast i samarbeid med andre tilsynsetatar.

Ein sentral del av tilsyn

Oppfølging av hendingar er omfatta av tilsynsomgrepet, og inngår som ein viktig del av tilsynet vårt. Erfaringar frå granskingar vert mellom anna brukt til:

  • Å prioritera tilsynsaktivitetar
  • Å informera/orientera næringa, for erfaringsoverføring
  • Å vurdera behov for regelverksutvikling og vidareutvikling av regelverket, i tillegg til vidareutvikling av tilsynet
  • Intern kompetanseheving

Gransking er eit godt verkemiddel for å hente inn kunnskap om kva som utløyser alvorlige hendingar og for å skape merksemd om utløysande mekanismar, både teknologiske, menneskelege og organisatoriske.