Målet er ikkje å straffe eller å peike ut syndebukkar, men å sørgje for at det vert satt i verk tiltak som gjer at verksemda går føre seg i samsvar med krava i regelverket.

I etterkant av alvorlige hendingar er det viktig å setje i gang tiltak som bidreg til å hindre liknande hendingar i framtida.

Dialog

Det vanlegaste og mest brukte verkemiddelet vi har er dialog. Skriftlege førespurnader, telefonsamtalar og møter mellom oss og aktørane fører i dei fleste tilfella til at det vert sett i gang tiltak som sikrer at verksemda vert driven i tråd med krava i regelverket.

Dersom vi i eit tilsyn avdekker mindre alvorlege avvik frå regelverket ber vi alltid om ei utgreiing frå aktøren for korleis avvika vil bli handtert, med frist for tilbakemelding. Dette vert gjort i form av skriftleg dokumentasjon, nokre gonger også gjennom møter mellom oss og den aktuelle aktøren.

Varsel om pålegg

Eit pålegg er eit enkeltvedtak fatta i medhald av regelverket. Før vi gir eit pålegg, sender vi som regel eit "varsel om pålegg" til selskapa det gjeld.

Eit varsel om pålegg er verken eit reaksjonsmiddel eller ei åtvaring om sanksjon, men eit ledd i saksbehandlinga vår kor vi ber aktøren om å vurdera faktagrunnlaget innan ein gitt frist. Varselet er berre eit første steg før det vert fatta eit enkeltvedtak, og varslingsbrevet inneheld ei nøyaktig attgiving av det enkeltvedtaket som vi planlegg å gi.

Pålegg

Eit pålegg er eit sterkt reaksjonsmiddel som er juridisk bindande for mottakaren. Det betyr at selskapet har lovmessig plikt til å etterkomme tiltaka i vedtaket.

Pålegg skal ikkje brukast som reaksjonsform ved eit kvart regelverksbrot, men for å markere at vi ser på regelverksbrotet som alvorleg med omsyn til helse, sikkerheit og beredskap det er nødvendig å reagere strengt på mindre alvorlige regelverksbrot fordi selskapet har vist manglande evne eller vilje til å rette på same eller liknande regelverks­brot når vi har brukt ulovfesta reaksjonsmiddel.

Kva inneheld eit pålegg?

I og med at vi har eit funksjonelt regelverk, pålegg vi normalt ikkje gjennomføring av konkrete endringar eller bestemte tekniske løysingar. Det vert berre gjort i tilfelle kor regelverket stiller krav om bestemte løysingar.

Skal konkrete manglar rettast på, gir vi pålegg om å rette på manglane, ikkje om korleis dette skal gjerast.

Dersom vi avdekker omfattande og grunnleggjande manglar ved systemet for styring av helse, miljø og sikkerheit, gir vi som regel pålegg som sikrar ein gjennomgang og endring av styringssystemet.

Når eit varsla pålegg ikkje blir gitt

Det hender at eit varsla pålegg ikkje blir gitt, eller at vi endrar ordlyden i pålegget. Dette kan bli aktuelt dersom:

  • Det planlagde enkeltvedtaket byggjer på feilaktig grunnlag, for eksempel ved at opplysningar frå adressaten gjer oss overtydd om at vi i varselet har lagt feil faktiske forhold til grunn, og at desse forholda er av vesentlig betyding for enkeltvedtaket.
  • Adressaten allereie har gjennomført det som er planlagd å krevja ved enkeltvedtaket.

Eit varsla pålegg vert ikkje sett på som etterkome ved at det berre er utarbeidd planar for det arbeidet som det vert planlagd å gi enkeltvedtak om, unntatt i dei tilfella kor enkeltvedtaket berre krev at det skal utarbeidast planar.  

Krav om stans

Dersom vi avdekker regelverksbrot som krev direkte handling for å sikre at sikkerheita er teke hand om, kan vi krevje stans i verksemda inntil nødvendige tiltak er satt i verk.