Havtil har etablert ei beredskapsvaktordning kor ein beredskapsvakt er tilgjengeleg 24 timar i døgeret, året rundt. Ordninga sikrar at etaten vert varsla om fare- og ulykkesituasjonar slik at vi kan varsla vidare til andre involverte myndigheiter i samsvar med etablerte avtalar. 

Beredskapsvaktordninga gjeld både for sokkelen og landanlegga vi har tilsynsansvar for.

Når vi vert varsla om ei alvorleg hending som ikkje er avklart, vurderer beredskapsvakt om beredskapssentralen vår skal bemannast med relevante fagfolk og pressekontaktar.

Kva gjer vi i ein beredskapssituasjon?

  • Vi fører tilsyn med at operatør følgjer krava i regelverket
  • Vi vurderer fortløpande dei tiltaka som operatøren eller andre ansvarlege aktørar set i verk for å få kontroll over situasjonen
  • Vi gir eventuelt samtykke til utviding av sikkerheitsona
  • Vi varslar relevante myndigheiter
  • Vi handterer spørsmål frå media