Ptil har ansvar for å setje rammer for petroleumsverksemda og følgje opp at den går føre seg på ein forsvarleg måte.

Vi er delegert myndigheit til å fastsette utdjupande forskrifter for sikkerheit og arbeidsmiljø i verksemda, og til å fatta enkeltvedtak i form av samtykker, pålegg, tvangsmulkt, stans av verksemd, forbod, unntak med meir.

Ptil er også eit direktorat, det vil seie eit statleg organ som utviklar, forvaltar og formidlar kunnskap om sitt saksområde.

Direktoratrolla medfører å gje råd til overordna departement, og å vera kompetanseorgan overfor sektoren, andre myndigheiter og for ålmenta.

Ptil er underlagt og rapporterer til Arbeids- og sosialdepartementet (ASD).

Resultat og effekt av innsatsen vår kan du lesa meir om i årsrapporten vår.

Myndigheitsansvar

Tilsynsansvaret vårt omfattar petroleumsverksemda på heile den norske kontinentalsokkelen, i tillegg til åtte petroleumsanlegg på land og tilhøyrande røyrleidningssystem. Dette inkluderer også fornybar energiproduksjon til havs og CO₂-handtering.

Ansvaret omfattar operatørselskap, rettshavarar, entreprenørar og reiarar, og famnar om alle fasar av verksemda – frå leiteboring, utbygging og drift fram til stenging og fjerning.

Vi følgjer opp verksemdene si styring av arbeidsmiljøforhold. Her kan du lese meir om korleis.

Vi tek óg omsyn til ytre miljø inn som ein naturlig del av arbeidet vårt med sikkerheit og arbeidsmiljø. Les meir om korleis sikkerheit førebygger forureining.

Fagkunnskap

Ptil forvaltar store mengder kunnskap - både i kraft av kompetansen til fagfolka våre og gjennom kunnskapen vi får gjennom tilsyn.

Å formidla denne kunnskapen til partane i petroleumsverksemda, er eit viktig bidrag til å oppretthalda og vidareutvikla eit høgt nivå for sikkerheit og arbeidsmiljø.

Risikonivå i norsk petroleumsvirksomhet (RNNP) er eit sentralt verktøy i kunnskapsformidlinga. RNNP-kartleggjinga bidrar til å skape eit objektivt og heilheitleg risikobilde for næringa. Ei felles risikoforståing i industrien, hos myndigheitene og hos arbeidstakarane skapar godt grunnlag for målretta og konstruktivt arbeid for å oppnå forbetringar.

Andre bidrag til kunnskapsformidlinga er faglege møter som Ptil arrangerer, i tillegg til erfaringsdelinga som skjer gjennom publisering av granskingsrapportar, tilsynsrapportar og liknande.

«Vaktbikkje og førarhund»

Kort oppsummert kan ein seia at Ptil både er vaktbikkje og førarhund for næringa.

Som vaktbikkje fører Ptil tilsyn med at selskapa til ei kvar tid driv forsvarleg, og vi brukar våre verkemiddel dersom dei ikkje gjer det.

Rolla som førarhund er knytt til den kontinuerlege dialogen vi har med selskapa. Målet med dialogen er å dela vår kunnskap og erfaring og slik bidra til styring og reduksjon av risiko i verksemda. Kravet til kontinuerleg forbetring er ein bærebjelke i dette. 

Openheit og tillit

Openheit er ein føresetnad for korleis me utøver myndigheita vår. Samfunnet har store forventningar til openheit.

Me publiserer mellom anna tilsynsrapportar, samtykke og granskingsrapportar her på nettstaden vår. Målet er å spreia kunnskap og dela erfaringar.

Alle kan søka innsyn i saksdokument. Offentleglova stiller strenge krav til kva som kan unntakast frå offentleg innsyn.