Ptil logo 2018 svart mobile ptil-logo-norsk-new

NSOAF - North Sea Offshore Authorities Forum

Vi deltek i North Sea Offshore Authorities Forum (NSOAF). Alle nordsjølanda sine myndigheiter med tilsynsansvar for petroleumsverksemda til havs er representert her.

Publisert: 13. februar 2019

Målet med forumet er å sikra ei kontinuerlig forbetring av helse, miljø og sikkerheit i petroleumsverksemda i Nordsjøen. NSOAF vart etablert i 1989.

Forumet består av myndigheiter frå følgjande nasjonar (i tillegg til oss):

Danmark: Arbejdstilsynet
Færøyene: Oljufyristingin
Nederland: State Supervision of Mines (SSM)
Storbritannia: Health and Safety Executive
Tyskland: Landesamt für Bergbau, Energie und Geologie
Irland: Commission for Energy Regulation

Medlemmene i NSOAF møtes i eit årleg arbeidsmøte, kor aktivitetar vert summert opp og nye oppgåver initiert og diskutert.

Arbeidet føregår primært gjennom følgjande tre permanente arbeidsgrupper:

Arbeidsgruppe om helse og sikkerheit (NSOAF-HS&E)

Gruppa skal blant anna bidra til:

  • kontinuerleg forbetring av sikkerheit og arbeidsmiljø
  • harmonisering av regelverkskrav/reduksjon av administrative byrder
  • erfaringsoverføring mellom myndigheitene

Arbeidsgruppa arbeider elles med tema kor myndigheitene har felles interesser. 

I løpet av 2015 og 2016 diskuterte arbeidsgruppa felles utfordringar for olje- og gassnæringa i sine respektive land. Utfordringar når det gjeld sikker drift og vedlikehald av eldre innretningar etter fall i oljepris blei vald som tema for vidare arbeid og oppfølging.

Dette danna grunnlaget for ein tilsynsserie i 2017 om tema vedlikehald for sikker drift, med felles grunnlag og spørsmål, tilpassa dei einskilde land sine regelverk og språk. Tilsyna blei deretter gjennomførte som ein del av den ordinære tilsynsplanen.

Fellesrapporten beskriv tilsynsserien og oppsummerer funn og læringspunkter. Funn frå tilsyna er presentert i rapporten som god eller dårleg praksis for å indikera forbetringspunkt og mogleg erfaringsoverføring.

Rapporten om vedlikehald for sikker drift ligg som vedlegg under.

Arbeidsgruppa om boring og brønn (NSOAF-WWG)

Gruppa skal utveksla informasjon og samarbeida om sikkerheits- og arbeidsmiljøforhold som er relatert til bore- og brønnaktivitetar, brønnintegritet og førebygging av ukontrollert utblåsing.

Aktivitetane til gruppa skal óg bidra til kontinuerleg forbetring av sikkerheit og arbeidsmiljø ved boreoperasjonar, brønnoverhalingar og andre brønnrelaterte aktivitetar, samtidig som det vert arbeida for å letta dei administrative byrdene for selskap som arbeider på fleire kontinentalsoklar (i Nordsjøområdet).

Nettverk for sikkerheitsopplæring (NSOAF-TG) 

Dette nettverket følgjer opp arbeid for å oppnå gjensidig aksept for krava til sikkerheitsopplæring i nordsjølanda.

Det er oppnådd semje mellom medlemslanda om kva element i opplæringsprogramma som er gjensidig akseptable, og på kva områder det føreligg forskjellige krav. Resultat av arbeidet i nettverket vert lagt til grunn for vidare forenkling av opplæringskrava og av ordningane for gjensidig aksept av opplæringsmodular i dei ulike landa.

Nettverk for regelverk 

Gjennom dette nettverket vert informasjon og erfaringar om relevant EU-arbeid blant nordsjølanda delt. Dette gjeld planlagde, føreslåtte og vedtatte rammevilkår og innarbeidinga av EU/EØS-reglar i dei respektive landa.

Nettverket utvekslar óg informasjon om det harmoniserte EU/EØS-regelverket for å bidra til lik forståing og handheving av regelverket blant landa.