Forumet legg til rette for utveksling av idear og meiningar om metodar og prinsipp for effektiv utøving av tilsynet med sikkerheit og arbeidsmiljø.

Medlemmane utvekslar fakta om tilsynsverksemda og informerer kvarandre om aktuelle faglege problemstillingar, regelverksutvikling og liknande.

IRF sin nettstad finn du her

Innafor mogelegheitene og avgrensingane som er sett ved dei nasjonale rammene for verksemda, er hensikta å bidra til å fremme ei felles forståing blant medlemmene når det gjeld forhold som:

  • Tilsynsmyndigheitene si rolle
  • Bruk av verkemiddel i tilsynet
  • Tilsynsmetodar
  • Kompetanseutvikling
  • Forholdet mellom myndigheiter og industri

Utanom Noreg deltek følgjande land i samarbeidet:

Australia: National Offshore Petroleum Safety and Environmental Management Authority (NOPSEMA)

Brasil: Brazilian National Agency of Petroleum, Natural Gas and Biofuels (ANP)

Canada: Canada-Nova Scotia Offshore Petroleum Board (CNSOPB)
Canada-Newfoundland and Labrador Offshore Petroleum Board (C-NLOPB)

Danmark: Arbejdstilsynet

Mexico: Agencia Nacional de Energía, Seguridad y Ambiente (ASEA)

Nederland: State Supervision of Mines (SSM)

New Zealand: Ministry of Business, Innovation and Employment

Storbritannia: Health and Safety Executive (HSE)

USA: US Bureau of Safety and Environmental Enforcement (BSEE)

Historia om IRF

Under kan du laste ned PDF av boka "A legacy of Safety" som tar for seg historia om IRF frå 1994 til 2013. Forfattar er Arnt Even Bøe.