Ptil logo 2018 svart mobile ptil-logo-norsk-new

Om oss

Internasjonalt samarbeid

Her finn du dei sentrale arenaene for internasjonalt myndigheitssamarbeid om helse, miljø og sikkerheit i petroleumsverksemda.

Andre internasjonale samarbeidsorganisasjonar

Bilateralt samarbeid

Saman med andre sokkelmyndigheiter i Nord-Europa bidrar Ptil på fagleg nivå til å møte internasjonaliseringa i bransjen innan fleire område, blant anna gjennom utveksling av kunnskap og erfaringar.

Det er etablert avtalar om bilateralt samarbeid til dømes for felt og røyrleidningar som kryssar sokkelgrenser. Desse avtalene regulerer samarbeidet i tilsynet med operatørselskap, felt og innretningar, i tillegg til utveksling av sikkerheitsrelatert informasjon. 

Vidare er det etablert avtalar om bilateralt samarbeid på enkelte fagområde, som til dømes arbeidsmiljø.

Ptil samarbeider òg med Russland om særskilte utfordringar i samband med utbygging av olje- og gassverksemda i nordområda.