Veit du kva dokument du vil søka innsyn i, kan du senda ein e-post direkte til postboks@havtil.no.

eInnsyn

Via eInnsyn kan du søka etter og bestilla innsyn i dokument frå alle statlege verksemder. Bestillingar til oss vert behandla som innsynskrav.

Gå til nettstaden eInnsyn.no

Unntak frå innsyn

Unntak frå innsyn skal ifølgje offentleglova § 3 ha heimel i eller medhald av lov.

Offentleglova § 13 til § 26 gir ein del sentrale unntaksheimlar. Opplysningar som er underlagt teieplikt skal unntakas innsyn. Andre opplysningar og dokument kan i visse tilfelle unntakas.

Betaling for innsyn

Hovudregelen er at innsyn etter offentleglova er gratis, men med heimel i offentleglova § 8, er det ved forskrift fastsett rett til i nokre tilfelle til å likevel krevje betaling for innsyn.
 
Vi tek ofte i mot omfattande førespurnader om innsyn, noko som er svært ressurskrevjande for organisasjonen. Vi krev derfor betaling når dokumenta er som nemnde i § 4 i Offentlegforskrifta med omsyn til omfang eller art.