Statistikk
Vi samlar inn vanleg besøksstatistikk for nettstaden, også ved hjelp av informasjonskapslar (cookies). Vi brukar denne informasjonen til å analysere bruken av nettsidene våre og for å forbetre og vidareutvikle innhaldet på nettstaden.
Eksempel på kva nettstatistikken gir oss informasjon om:
- kor mange besøkande vi har til sidene
- kva sider som vert besøkt
- kor lenge besøket varar
- kor dei besøkande kjem frå (geografisk by/land)
- kva nettlesar som vert brukt
- kva søkeord som vert brukte
Vi brukar analyseverktøyet Siteimprove til dette formålet.
Ingen av opplysningane vil bli brukte til å identifisera enkeltpersonar. Informasjonskapslane og statistikken vert berre brukt i samband med drift og vidareutvikling av nettstaden.
Nyheitsbrev
Du kan abonnere på nyheitsbrev slik at du får ein e-post frå oss når vi legg ut nyheiter eller annan informasjon her på nettstaden. For at vi skal sende e-post til riktig abonnent, må du registrere namn og e-postadresse. Desse opplysningane vert lagra i ein eigen database.
Opplysningane om deg vert berre brukte til å sende deg nyheitsbrev, ikkje til noko anna. Dersom du vel å avslutte abonnementet, vert opplysningane om deg sletta.
Personopplysningar
Enkelte sider på ptil.no inneheld skjema for påmelding til ulike arrangement. Personopplysningar som vert samla inn via slike skjema vert berre brukte i samband med avviklinga av arrangementet.
Personvernombod
Ptil har et eige personvernombod. Kontakt Nina Lie dersom du har spørsmål om personvern.