Om tillit og IKT

Tillit er ein viktig verdi i det norske samfunnet – og ein del av fundamentet for sikkerheitsregimet i petroleumsverksemda.

Selskapa er ansvarlege for å ivareta helse, miljø og sikkerheit. Vi må kunne ha tillit til at selskapa tek dette ansvaret, at dei gjer det dei kan for å etterleve regelverket og drive sikkert. Slik er regimet lagt opp.

Riksrevisjonen har nyleg sett nærare på Ptil sin tilsynspraksis, og konkludert med at vi i enkelte tilfelle har hatt for stor tillit til selskapa – og at selskapa på si side ikkje har tatt det ansvaret dei skulle. Riksrevisjonen legg i rapporten vekt på betydninga av eit sterkare og meir kraftfullt tilsyn.

I denne utgåva av Dialog får du vite korleis vi følger opp kritikken frå Riksrevisjonen. Du kan lesa om eit sterkare og tydelegare Ptil, og sjå at mykje av det vi no seier og gjer, heng tett saman med stortingsmeldinga om HMS som blei vedtatt i fjor sommar.

I Dialog set vi òg søkelys på IKT-sikkerheit, eit område der vår merksemd no blir kraftig styrka. Kva utfordringar ser vi, og kva inneber vår satsing på dette området?

Forside Dialog