«I can cover the North Sea from here to the North Pole with oil.»

Det var det han skal ha sagt, boresjefen på Ocean Viking, då han og mannskapet for 50 år sidan sende Norge inn i oljealderen. Med Ekofisk-funnet fylgde arbeidsplassar, ingeniørbragdar og starten på ei stor, ny verksemd. Dét er det verdt å feira.
Men med olja kom ikkje berre velstand og vekst. Den nye næringa hadde også ei nedside som har påførd enkeltmenneske og samfunn store tap i form av ulukker og alvorlege hendingar.

«Mayday, mayday - Kielland velter.»

Våren 2020 er det 40 år sidan denne naudmeldinga blei sendt ut frå flyteriggen Alexander L. Kielland. Katastrofa ved Edda-plattformen i Ekofiskområdet kosta 123 menneske livet, og er den verste ulukka i norsk oljeverksemd.
I kjølvatnet av Kielland og andre ulukker kom strengare krav og reglar for å gjera verksemda tryggare og sikrare. Med tydeleg ansvarsplassering og eit fast myndigheitsregime vart det danna eit godt grunnlag for det sikkerheitsnivået vi har i dag.

Men prisen vi betalte var høg.

Forside Dialog 2 - 2019